Søkjesida til Grunnmanuskriptet (1935, rettshavar: Språksamlingane ved UiB) og Norsk Ordbog (1873, Ivar Aasen)


GMAasen
spegel m. I. (pl. speglar)
   l. ei glasplate som hev eit lag tinamalgam, kvikksylv eller sylv på baksida og som gjev att eit bilete av det som er framanfor. Å.
   2. innfelt rute i dør, fylling. Sn.
   3. (sjø.) d.s.s. atterspegel, Sn.
   4. eitk. som kann tena til fyredøme eller åtvaring (Vestl), Å. Dette skal vera ein ~ for deg. Gjera ein til ~ for andre, straffa ein til varsel for andre. Han fekk straff til ein ~ for fleire; ei straff so det vart ein ~ for folk. Han åt so det vart ein ~ for alle menneske, d.v.s. so det vart ei skræme. Sn.
   5. ein som fer med narrestrek og leven, galning (Vestl, VTel), Å, R4. Vanleg utt. "spegjel", òg "speiel" (Vestl), Å, "speijedl" Ry, "spejile" (Tel, Set), R, "spe`jili" og "spei`ili", pl. "speglar" (Åmli o.fl. i Rbg, SVTel), R3, "spigjil" ("spiel"), "spil" (Hal), Å, "spí`el" (Fosen), R3. "spijil" (Roms), "spi-il" (Ndm), R, "spíle" (To, Austf), "spíl" (sumst. i Va), R3. Gn. spegill m., lånt frå mnt. spîgel, eig. av lat. T.

spegel m. II. ein som fer og speglar (seg) ("speil" Li, Ma). "Sjå den nakne speil´n". Sjå spegla II. R.



Um tilfanget:
Tilfanget kjem frå Grunnmanuskriptet hjå Universitetet i Oslo, den gongen Universitetet i Oslo dreiv Språksamlingane og åtte Grunnmanuskriptet. Søkjesida deira låg ei stund nede både tidt og ofte, og slik vart fyrsteutgåva av denne søkjesida til og lagt ein løynd stad på folk.uio.no (som var langt stødugare en edd.uio.no) til eige bruk. Sidan tok Universitetet i Bergen yver Språksamlingane – og rettane til tilfanget, medan denne søkjesida flutte til ordboki.no då folk.uio.no-tenesta vart lagd ned. Tilfanget skal vera likt, men framsyningi skil seg noko.

Spegel (e’), m. (Fl. Speglar),
  1) et Speil. Sædvanlig udtalt Spegjel, ogsaa Speiel, B. Stift; Spigjil (Spiel) og Spil, Hall. Gbr. Sv. spegel, G.N. spegill, af Lat. speculum.
  2) et Exempel, Forbillede; oftere om en Begivenhed, som kan tjene til Advarsel; et Spektakel, en Ulykke. B. Stift.



Um tilfanget:
Tilfanget kjem frå Norsk Ordbog av Ivar Aasen (gjevi ut i 1873). Fyrr hadde Universitetet i Oslo ei netutgåva liggjande ute, men søkjesida gjekk på ryggen ei stund etter at Språksamlingane vart førde yver til Universitetet i Bergen, og ingi ny sida er komi upp der. Difor vart denne søkjesida til, bygd upp av nyo med di søkjesida til UiO alt var daud. Tilfanget er bygt på ei digital utgåva av Norsk Ordbog som flaut umkring på netet i litt ulike utgåvor. Me hev gjort sume rettingar i samsvar med papirutgåva frå 1873 og lagt på merknader i uppslag som peikar til fyrre eller næste uppslaget.